Ingvild Lilletvedt på Løkfabrikken

Ingvild Lilletvedt debuterte i 2014 med albumet ”Den Minste Cafèen”.
Debutalbumet fekk gode kritikkar, og ho var nevnt i samme åndedrag som ei rekke andre sterke kvinnelege artistar:
”Ho står støtt på eigne bein, ein fullt ut godkjent debut, minner om Joni Mitchell”
”Ho prøver å leggje seg ein stad mellom Tonje Unstad og Kari Bremnes, og lykkes heilt fint med det.” Ingvild skriv all musikk og tekstar sjølv, og ho skriv på dialekt. Har og fått fleire stipend frå Tekstforfattarfondet for sine litterære tekstar.
I mars 2017 gav ho ut ”Ringen”, ein hyllest til menneske som ho er glad i. ” Ingvild Lilletvedt skriv vare, nære og gode personlege tekstar”

«Ingvild Lilletvedt er ein musikalsk historieforteljer – ei stemme meir enn ein songer. I en bransje preget av snarveier, popstjernedraumar og overfladiske selfies er Ingvild eit friskt pust der ho på sitt særegne vis delar erfaringar og betraktningar frå sitt eige liv. Ho er ekte vare, her er det songane som er i fokus. Denne stoltheten gjer Ingvild til ein særegen artist med erfaringer og betraktninger få andre artister kan skilte med .

CC: 250,- Kort, Kontant, Vipps